Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Bachelorgrad med 80 studiepoeng fordjuping. Fordjupinga må vere fagleg relevant for studieretninga du søker opptak til:
- Samfunnsfag: Samfunnsfag, geografi eller historie
- KRLE: Religion eller KRLE
- Matematikk
- Naturfag
- Kroppsøving: Kroppsøving, idrettsfag
- Mat og helse
- Andrespråksdidaktikk: Norsk, norsk som andrespråk
Tilleggskrav
Om å søke opptak til HVL
Kvifor velje ein master med integrert PPU?
I 2019 kom kravet om mastergrad for lærarar. Samstundes er behovet for fleire lærarar stort. Dette studiet gir deg mastergrad og PPU integrert i eit studie over to år.
Masteren gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke, med god startløn. Som lærar får du ein meiningsfull, variert og sosial arbeidskvardag, der du får brukt mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i spennande fagområde. Ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.
Studiet er samlingsbasert og nettstøtta over 2 år. Dersom du arbeider i skulen, kan ein av praksisperiodane føregå på eigen arbeidsplass.
Korleis er studiet bygd opp?
Du kan sjølv velje om du vil ta utdanninga på heiltid over to år eller på deltid over tre og eit halvt år.
Deler av undervisninga i PPU er felles med PPU i Sogndal eller på Stord, medan samlingane i dei andre emna vil gå i Bergen, Sogndal eller på Stord, alt etter kva studieretning du vel.
Målgruppe
Dette studiet er for deg som ønsker å ta PPU integrert i eit masterstudium. Hausten 2026 tek vi opp studentar som har ein bachelorgrad innan:
- Samfunnsfag, religion eller historie
- Matematikk eller naturfag
- Andrespråksdidaktikk (norsk som andrespråk)
- Kroppsøving eller mat og helse
Gjennom Utdanningsdirektoratet kan skuleeigar søke om utdannings- og rekrutteringsstipend. Les meir om ordninga til Utdanningsdirektoratet.
Kva kan du jobbe med?
Med ein integrert master i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) får du lektorkompetanse og kan du søke på nye jobbar som lærar - eller du kan kome tilbake til jobben din som lærar, med auka fagleg kompetanse.
Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis, og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.
Kva tener ein lektor?
Ein lektor i grunnskulen tener i gjennomsnitt 676 200 kr i året. Les meir om lønn på utdanning.no.
Samlingsdatoar studieåret 2026/27
PPUA305, Leiing av læreprosessar - Sogndal
Hausten:
- 2.-4.september 2026
- 28.-30. oktober 2026
Våren:
- 6.-8.januar 2026
- 10.-12.mars 2026
PPUA305, Leiing av læreprosessar - Stord
Hausten:
- 2.-4.september 2026
- 28.-30. oktober 2026
Våren:
- 10.-12.februar 2026
- 10.-12.mars 2026
I fulltidsprogresjon gjennomfører du to emne kvart semester. Samlingsdatoar og stad for desse vil bli oppdatert i februar. Dei fagdidaktiske samlingane kan vera på Stord, i Bergen eller i Sogndal, alt etter kva fagområde du er tatt opp på.
Samfunnsfag, religion eller historie
Samlingsdatoar og stad kjem
Matematikk eller naturfag
Samlingsdatoar og stad kjem
Andrespråksdidaktikk
Samlingsdatoar og stad kjem
Kroppsøving eller mat og helse
Samlingsdatoar og stad kjem
