To mannlige studenter som studerer

Økonomi og administrasjon | Bergen

Bachelor

Økonomi og administrasjon er ei allsidig utdanning som gir deg mange spennande jobbmoglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Studiekode i Samordna opptak

    203369

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere økonomi og administrasjon?

    Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, men økonomi og administrasjon handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomifag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar. 

    Ved å ta ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du bidra til verdiskaping for verksemder og samfunn.

    Det er fem viktige fagområde i utdanninga:

    • Bedriftsøkonomisk analyse
    • Administrative fag
    • Samfunnsøkonomiske fag
    • Metodefag
    • Etikk, samfunnsansvar og berekraft

    Dette studiet går ved HVL Bergen, men du kan også studere økonomi og administrasjon ved HVL Haugesund eller HVL Sogndal. 

    Drømmen om en jobb i utenrikstjenesten fikk Ingrid til å søke økonomi og administrasjon, men studiet har fått henne til å åpne øynene for flere drømmejobber.

    Møt Ingrid

    Korleis er undervisninga?

    Studiet er basert på forelesingar, rettleiing, sjølvstudium og gruppearbeid. Vi har også bedriftsbesøk og gjesteforelesingar.

    Du skriv ei gruppebasert bacheloroppgåve om eit tema du interesserer deg for. 

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Korleis bli siviløkonom?

    Siviløkonom er ein beskytta tittel, og gjer deg svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. For å få tittelen må du ta bachelor og master i økonomi og administrasjon, altså fem år med utdanning. Tar du denne bacheloren kan du søke deg vidare på Master of Science in Business ved HVL for å bli siviløkonom.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i økonomi og administrasjon kan du søke deg inn på følgjande masterutdanningar ved HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for eit utvekslingsopphald i 4. semester. (Det kan bli endringar i lista.)

    Kor kan du reise?

    Andre utdanningar du kanskje vil like