Gruppearbeid

Økonomi og administrasjon | Haugesund

Bachelor

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og blir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Haugesund

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Studiekode i Samordna opptak

    203404

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

     

    Kvifor studere økonomi og administrasjon?

    Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, men økonomi og administrasjon handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomifag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar. 

    Ved å ta ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du bidra til verdiskaping for verksemder og samfunn.

    Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta. I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor eit fagområde du vel sjølv.

    Du får også moglegheit til å velje praksis. Dette er ei unik moglegheit til å få arbeidserfaring mens du studerer. 

    Dette studiet går ved HVL Haugesund, men du kan også studere økonomi og administrasjon ved HVL Bergen eller HVL Sogndal. 

    – Jeg visste at økonomistudier kunne gi meg tid og kunnskap til å finne ut hva jeg virkelig ville jobbe med. 

    Møt Malene

    Ida var overveldet over alle valgmulighetene da hun skulle velge studie. Etter råd fra sin far ble det til slutt økonomi og administrasjon.

    Møt Ida

    Korleis er undervisninga?

    Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper.

    Du har fag innan:

    • bedriftsøkonomi og rekneskap
    • leiing, organisasjon og administrasjon
    • metode
    • samfunnsøkonomi
    • etikk, samfunnsansvar og berekraft

    I 3. studieår vel du valemne og skriv bacheloroppgåve.

    Les meir om praksis i emneplanen.

    Har du spørsmål om praksis ta kontakt med: Knut Steffen Kvala, knut.kvala@hvl.no. 

    Korleis bli siviløkonom?

    Siviløkonom er ein beskytta tittel, og gjer deg svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. For å få tittelen må du ta bachelor og master i økonomi og administrasjon, altså fem år med utdanning. Tar du denne bacheloren kan du søke deg vidare på Master of Science in Business ved HVL for å bli siviløkonom.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i økonomi og administrasjon kan du søke deg inn på følgjande masterutdanningar ved HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

    Les meir om å dra på utveksling.

    Kor kan du reise?

    Andre utdanningar du kanskje vil like