Økonomi og administrasjon | Sogndal

Bachelor

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei brei og yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Studiekode i Samordna opptak

    203515

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere økonomi og administrasjon?

    Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, men økonomi og administrasjon handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomifag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar. 

    Ved å ta ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du bidra til verdiskaping for verksemder og samfunn.

    Dette studiet kan du ta ved HVL Sogndal, men du kan også studere økonomi og administrasjon ved HVL Bergen eller HVL Haugesund

    Korleis er undervisninga?

    Vi har forelesingar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiing. Vi koplar teori og praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

    Det blir lagt opp til ein studietur i 2. eller 3. klasse, med besøk hos verksemder og institusjonar. 

    Dei to første studieåra vil du få grunnleggande kunnskap om samfunnsøkonomi, jus, organisasjon og leiing, bedriftsøkonomi, rekneskap og marknadsføring. I fjerde semester kan du ta valemne.

    I tredje studieår vil du berre ha tre obligatoriske fag: Samfunnsvitskapleg metode, leiing og bacheloroppgåve. Dette gir deg friheit til å velje blant fleire spennande valemne, som vidaregåande finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett, prosjektleiing, merkevarestrategi, anvendt finans, Human Resource Management, med meir.

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Korleis bli siviløkonom?

    Siviløkonom er ein beskytta tittel, og gjer deg svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. For å få tittelen må du ta både ein bachelor og ein master i økonomi og administrasjon, altså ei femårig utdanning. Tar du denne bacheloren kan du søke deg vidare på Master of Science in Bussiness ved HVL for å bli siviløkonom.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Forkurs i matematikk

    Studiet krev gode førehandskunnskapar i matematikk. Me tilrår difor studentar med praktisk matematikk (P-matte) frå vidaregåande skule å delta på førebuande kurs i august. Matte-emnet «BØA111 Matematikk for økonomar» krev gode førehandskunnskapar i matematikk og byggjer på kunnskap som svarar til S1+S2 frå vidaregåande skule.

    Studentar med P-matte må difor leggja ned ein stor arbeidsinnsats i matematikkemnet. Studentar som har S- eller R-matte, men som meiner at dei har «gløymt mykje» av tidlegare matematikkunnskapar bør òg delta på forkurset.

    Tidspunkt for forkurs i matematikk hausten 2025:

    • Tysdag 12.08. kl. 10.15 - 14.00
    • Onsdag 13.08. kl. 10.15 - 14.00
    • Torsdag 14.08. kl. 10.15 - 1400

    Stad: Auditorium Sognefjorden (F300).

    Det er ikkje påmelding til kurset. Dersom du har spørsmål, kan du sende e-post til Torbjørn Årethun (torbjorn.arethun@hvl.no)

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i økonomi og administrasjon kan du søke deg inn på følgjande masterutdanningar på HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. studieår, 4. semester.

    Kor kan du reise?

    Andre utdanningar du kanskje vil like